page view image

SYMRE - Bergen Kjøtt

Lanseringskonsert for plata Elles ganske frisk med SYMRE

Information
event image

SYMRE er ein 22 år gamal låtskrivar og gitarist frå Morgedal i Vest-Telemark, som fleire enn tre gonger har fått skildringa finurleg. Albumet «Elles ganske frisk» tek for seg det kaotiske møtet med vaksenlivet, og svingar mellom naiv narsissisme, nervøs nattesvevn, tunge våpen og lett ullundertøy. Musikken er ein uredd miks av sjangrar, og med hjelp frå dyktige medmusikantar vil konserten romme både dansbart, jazzsmart, litt rart og vise, – så klart. Som tidlegare student på Griegakademiet blir det ekstra moro å ta turen til Bergen by! 

Symre på gitar og vokal
Torjus Gravir Klykken på bass
Jon Espelid på trommer
Øystein Folkedal på orgel

jazz vise folk folkemusikk dansbart